torsdag 4. februar 2010

Fifa 10 - spillet for fotballintresserte


Fifa 2010 er eit fotballspill der ein kan trene forskjellige lag, eller ein kan være bare ein spelar på eit lag, da spiller ein med 10 datastyrte medspillarar.

Bildet er tatt av Eirik Helland Urke

Ein kan spille saman med andre på internett og på same spillemaskin, når ein spiller på internett kan ein spille saman med 19 andre, ein får då tildelt ein spilar som ein skal styre, og om ein får tildelt ein forsvarsspelar så kan ein ikkje være i angrep heile tida.


Det nye i år i forhold til tidligare år er at ein kan feire etter ein har scort. Ein kan faktisk ta salto, stift, danse og erte motstandarane, dei har også forbetra grafikken og den kunstige intelligensen til spelarane. Før kunne ein bare løpa litt til sidan då forsvarsspelarane kom, om ein gjør det nå så tar dei ballen med ein gang.

Fifa Live – Ein kan da spille dei same kampane som dei gjør i verkeleik, så om ein er ein ihuga Manchester United fan, kan ein spille mot Chelsea når dei spiller på ekte, ein hjelper då Manchester United opp på ein virtuell tabell om ein vinner, om ein tapar hjelper ein sjølvsagt Chelsea.

Fifa er eit veldig bra fotballspill om ein er interessert i fotball, og ein gjengangar om ein liker å spille fotball og de konkurrerer mot Pro Evelution om å være det mest populære fotballspillet. Det første Fifa kom ut i 1993.

Eg synes Fifa er eit veldig bra fotballspill, og det er veldig gøy når ein kan kjøpe og selje fotballspelarar. Fifa er også veldig sosialt når ein kan spille mot vennar over internett eller når ein har besøk. 6/6 :D

Fifa 2010 kan kjøpes her

Foto av Imbranbeck





1 kommentar:

  1. Veldig fin utsjånad på bloggen! (sjølv om du må hugse på at det skal vere ein fagblogg og ikkje fotballblogg ;))Den er likevel veldig fin! Eg sa til Kristian at han var den einaste som hadde skrive ei melding om eit dataspel, men du gjer jo det same :) Fin melding, men du må jobbe med språket!

    SvarSlett